Senteret sitt bannerbilde

Ny lege

4. september 2017

Vi ønskjer Anne Marit Særsten Halvorsen velkommen som fastlege ved Bremnes legesenter frå 01.01.18. Ho er allmennlege i spesialisering (ALIS).

Ho tar over pasientar som står på "Liste utan fast lege" i tillegg til pasientar som vert overført frå Kystlegane i samband med listereduksjon for nytilsett lege der. Det er Helfo som på vilkårleg vis trekk ut dei pasientane som får lege ved nytt kontor. 

Valeriu Girla vil vere vikar på lista ut 2017.

Pasientar som vert overflytta frå Kystlegane til Bremnes legesenter kan be om overføring av sin journal. Ved begge kontora kan ein få utlevert skjema for overføring av journal. 

Legevakta

24. januar 2017

 LEGEVAKTA ER FLYTTA

Den 1.februar flytta legevakta inn i Legevaktbygget som ligg like ved Stord sjukehus.

Legevakta kan kontaktast når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta.

Ta kontakt for timebestilling eller rådgjeving, telefonnummer: 116117

Telefonen blir besvart heilte døgnet. Er det akutt og står om liv, ring 113.

Opningstid

Kvardagar: 15:00 – 22:00

Helge- og høgtidsdagar: 08:00 - 22:00

                              

Adresse: Legevaktbygget Tysevegen 62, 5416 Stord

 

Heimeside: www.sunnhordland-legevakt.no

 

 

 

 

Nye lokaler

23. november 2016

Bremnes legesenter har flytta inn i Bømlo helsehus.

Fra 10/1-17 blir ny adresse:

Leirdalen 25, 5430 Bremnes

Inngang aust.

(Gamle delen av tidlegare Bømlo sjukeheim).