Vi ønskjer Anne Marit Særsten Halvorsen velkommen som fastlege ved Bremnes legesenter frå 01.01.18. Ho er allmennlege i spesialisering (ALIS).

Ho tar over pasientar som står på "Liste utan fast lege" i tillegg til pasientar som vert overført frå Kystlegane i samband med listereduksjon for nytilsett lege der. Det er Helfo som på vilkårleg vis trekk ut dei pasientane som får lege ved nytt kontor. 

Valeriu Girla vil vere vikar på lista ut 2017.

Pasientar som vert overflytta frå Kystlegane til Bremnes legesenter kan be om overføring av sin journal. Ved begge kontora kan ein få utlevert skjema for overføring av journal.